Trusskule i Norheimsund

 

 

 

Av Styret for KKS, Norheimsund

 

Kjære friskulevener!

 

 

I natt vakna ein av oss i styret for KKS og vart minna om songstrofa:

 

«Gjør en lykksalig ende, O Gud, på all vår nød,
Du tage selv i hende Vår sak inntil vår død!
La oss din nåde eie, Og hjelp oss trinn for trinn,
sankes våre veie Til sist i himlen inn!»

 

Paul Gerhardt fekk inspirasjon til denne salmen ved å lesa Salme 37, v. 5. «Set din veg i Herrens hand og lit på han! Han skal gjera det!»
Det er godt å kjenne på Herrens omsorg i alle ting. Me har i periodar kjent oss motlause etter at det no vart klart at me misser
godkjenninga og dermed statstøtta for skulen vår, men likevel kjenner me på ei spenning: - Kva vil du no gjere Gud?
Eller som ein songar uttrykkjer det: «Når jeg har tenkt meg trett til døden, si så hva du har tenkt O Gud.»

Me har gjerne sett oss blind på statstøtta og at staten skal gje oss det me treng, og så har me så lett for å gløyme at me har med ein
almektig far i himmelen å gjere, som har mykje meir omsorg for dei små borna enn me har. Jonatan sitt råd gjev det himmelske perspektivet i 
1 Sam 14:6 «Kan henda Herren gjer noko for oss. Ingen ting hindrar Herren frå å frelsa, anten det er ved mange eller ved få.»  

Me kjenner på kallet til å starte opp ein kristen grunnskule, men korleis me skal gå fram veit me ikkje. Me er difor takksame om du kunne
hugse på oss framfor nådens truna, om at Herren kunne få opne ei dør for oss - då er det ingen som kan stengje den.(John Op. 3:8)
ynskjer me å få gå i tru til Herren og hans løfter - han som er i går og i dag den same, ja til evig tid!

Det er vedlagt eit skriv til orientering for potensielle støttespelar både åndeleg og økonomisk. Me hadde difor vore glad for om du kunne
sende mailen vidare til andre som du trur kan ha syn for denne saka.

Sjå oppslag i Dagen 9.3.06 http://www.dagen.no/show_art.cgi?art=8959

Med venleg helsing

Styret for KKS
Norheimsund,
9.3.06

****************

Se også oppslag:

www.kommentar-avisa.no/Artikler-Startside/Hovedoppslag-2006/Kampen_om_barna_i_Norge-10.03.2006.htm  (red. anm.)