Gjestekommentar, 29.12.12

Den ideologiske krafta i kjønnsnøytraliteten

Av Johannes Kleppa, i www.Kommentar-Avisa.no

Eg tvilar sterkt på at det har gått opp for folk kva ideologisk kraft som ligg i kjønnsnøytraliteten. Kjernepunktet i denne ideologien er ei omdefinering av ekteskapet. Til grunn for dette ligg ei likestillingstenking som gjev ei retts- og diskrimineringstenking som snur opp ned på svært mykje, og som må føra til samvitstvang for dei som ikkje er samd i den nye tenkinga.

Ei ideologisk omdefinering av ekteskapet i lovs form får ikkje berre konsekvensar for ekteskapet, men på nær sagt alle ideologiske område. Dette bør vi no vakna for, og arbeida med korleis vi møter dette kristent sett med godt samvit. I det heidenske Babel var Daniel i ein tilsvarande situasjon som vi no er på veg inn i. Daniel ”sette seg føre i hjarta sitt at han ikkje ville gjera seg urein” (Dan 1.8). Det same må vi gjera.

Dagen hadde 14. d.m. ein god og aktuell reportasje som viste utviklinga i Canada etter ti år med kjønnsnøytral ”ekteskapslov”. Der vart det påvist at fundamentale rettar som ytringsfridomen, religionsfridomen og foreldreretten er svekka. Det inneber at den liketenkinga som ligg i den kjønnsnøytrale ideologien overkjører dei mest sentrale menneskerettane. Slik er det fordi det vert rekna som diskriminering om ein ikkje fylgjer denne ideologien både teoretisk og praktisk. Då vert det uakseptabelt å argumentera offentleg mot kjønnsnøytraliteten og det vert forbode å driva ulike typar arbeid der ein ikkje praktiserer kjønnsnøytralitet. Det vert endatil ulovleg å nekta å leiga ut husvære til homofile par.

Både i USA og Engeland kan det rapporterast om tilsvarande saker som i Canada. I våre naboland har vi fått pedagogiske initiativ der ein både i språkbruk, leiker og undervisning opptrer kjønnsnøytralt, altså som om kjønn ikkje eksisterer eller som om kjønn ikkje har noko betyding for folk. Då snakkar ein ikkje lenger om ”han” og ”ho”, men brukar ”hen” om alle.

Dette må vi rekna med snart pressar på også i norske barnehagar og skular. Då kjem ein i den tvangs- og valsituasjonen som Daniel kom i, men der han for ikkje å gjera seg urein i hjarta, gjorde ”nett som han hadde gjort før” (6.11) – med dei konsekvensane det måtte få. Då er det ikkje lengre rom for kristne lærarar eller kristent barnehagepersonell, og då har alle som vil oppseda borna sine etter Guds vilje, fått eit stort problem.

Det vil truleg også koma eit juridisk og økonomisk press på frie institusjonar for å tilpassa seg den nye tenkinga, men her står ein trass alt sterkare ut får at menneskerettane primært er minioritetsrettar som skal verna dei mot den einsrettande og tyranniske staten. For å bu seg på denne situasjonen må ein frå kristent hald no setja i gang eit omfattande ideologisk arbeid på dette området, ein må bu seg med fleire kristne skular og ein må få på plass eit vigselsrituale uavhengig av ideologien i noverande lov.