Gjestekommentar, 29.08.11

 

 

Kristendom og kunst

 

Av Ludvig Hope, i www.Kommentar-Avisa.no (Hentet fra LYS for september 2010)

 

I boka ”I desse siste dagar” i Skrifter i samling av Ludvig Hope finner vi et uhyre dyptloddende og interessant stykke om kristendom og kunst. Det går rett inn i vår åndsfattige tid – som legger vekt på det ytre og vakre – når selve åndens kraft svikter oss.

 

Hope skriver:

”Med det same me er inne på alt det fagre og kunstferdige som sermerkte gudstenesta i den gamle pakt, vil eg seia litegrand om kristendom og kunst.

Har kristendommen bruk for kunsten?

Ja og nei. Gud elskar det fagre og harmoniske når det også er sant og reint. Eller om ein vil: Ei fager form er god når ho er fylt med innhald som svarar til forma.  Difor kan Gud godt bruke kunstnaren like so vel som han brukar forkynnaren og læraren. Berre dei er drevne av den rette ånd, kan dei kvar på sin måte finna uttrykk for Guds tankar og vilje.

Ein ser då ogso at mykje av den største kunst i verda er skapt av kristne eller i det minste boren fram av kristelege tankar.

Men det fårlege og tragiske er at me har so lett for å lata kristendomen og kunsten byta plass. Det er ikkje kunsten som skal halde kristendommen oppe, det er tvert om kristendommen som skal gi kunsten liv. Levande kristendom kan godt greia seg utan kunst. Når ein fortapt syndar går over frå døden til livet og ber det evige liv i sin barm, då står me åsyn til åsyn med livsens høgste kunst. All jordisk kunst er berre som ein bleik skugge mot det kunstverk som Gud lagar i ei menneskesjel.

 

Eller tenk på Jesus Kristus då han steig fram og tala til folket. Han var kledd i ein enkel kjole, til kyrkja tok han so tidt heile naturen, til altar ein stein og ei fiskartofta til talarstol.

Kva kunde vera enklare enn det, og kva er i grunnen fagrare heller? I denne ”kunst” steig himmelsonen ned til jord og bar oss opp til Gud.

Ein kan vel ogso seia at aldri stod kristendomen sterkare enn når kåra var tronge og formene enkle.

Eg hugsar ei tid då her var få bedehus i landet, og då dei fleste kyrkjedørene stod låste for slike karer som eg. Då banka me på døra hjå bonden, og han let som regel opp. Stovene var då tidt so fulle at lampene ville ikkje brenna av skort på luft. Ofte laut me vera ute, og då var talarstolen so tidt ei trapp, ein stein, ei låvebru, ja, ei snøfonn. I den tida slo kristendomen sterkare og sterkare rot i folket. Det var ei stor tid i Noreg.

Men når den indre kraft i kristenlivet minka, då prøvde ein so tidt å bøta på det med kunst i det ytre. Den verdsleg-gjorde kristendomen prøver mest alltid å pussa seg opp med kunst.

Og so  ropar dei til oss: Finare bedehus! Fagrare kyrkjer! Kunstverk må det vera med rik og høgstemt liturgi! Får me ikkje dette, vil ungdomen venda seg bort frå kyrkja og kristendomen.Kunsten skal berga ungdomen for kyrkja og kristenarbeidet.

Er det sant?

Nei, det er ikkje sant.

Heile kyrkjehistoria seier at det er usant, og likevel trur dei fleste som har religøs interesse, at det er sant. Sanninga er at etter kvart som det går nedover med vårt indre liv, livet i Gud, prøver me å løyne nedgangen med å pussa oss opp utvendes. Det er sant.

Eg fann ein liten stubb i eit kristeleg blad med denne overskrift: Menigheten i forfall.

Det var en kunstner som skulle male et billede som skulde forestille en menighet i forfall.

I stedet for å male en gammel ruin malte han til alles forbauselse en prektig bygning, hvor man gjennom den åpne portal så den rikt utskårne prekestolen og meget annet skjønt. Men ved inngangen hang en liten bøsse med påskriften: ”Til misjonen”, og der hvor gavene skulde legges, var malt et veldig spindelvev.

Måtte ikke dei gode kår som me norske kristne no arbeider under, stela krafta  or vår kristendom! Måtte med vaka over oss sjølv, so vår kristendom ikkje turkar inn til estetisk religiøs nyting, men meir får utslag i eit liv i sjølvnekting og trufast arbeid for Herren, Jesus Kristus.”

 

* * *

 

Jeg tror at Hope hadde hatt mangt et ord han ville ha skrevet og sagt både i de kristne bladene og talt høyt og tydelig om fra prekestolene til folket rundt i Norge — og de ville lyttet — for han snakket sant og med åndskraft. Man kan selvsagt ikke vite det —men en kan jo tenke litt på bakgrunn av hvilke grunnholdninger han hadde ut fra Ordet. Om han hadde fått plass i de store velutstyrte stevnehallene i dag — kan en undres på. Og hva han ville ha sagt om forkynnelsen, manglende oppgjør med tidsånden, musikken og klesdraktene samt en god del andre tema - kan en undres ytterligere over.

Vi skriver litt om det på side 14 på bakgrunn av de mange store sommerstevnene i Norge i dag. red