Gjestekommentar, 22.08.11

 

 
 


Breivikingane i Midt-Austen

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

På nytt hende det: I nok ein familie i Israel vart fleire drepne av arabiske terroristar medan dei sov. Sabbatskvelden den 11. mars 2011 sneik mordarane seg inn i landsbyen Itamar, gjekk inn gjennom eit ope vindauga og myrda med knivar far Udi Fogel 38, mor Ruth Fogel 35, sønene Yoav 11, Elad 3 og deira fire månader gamle dotter Hadas. Tre born overlevde massakren: Roi 8, Yishai 2 og Tamar 12. Det var Tamar som kom inn i huset og fann  vesle Yishai 2, som prøvde å vekkje den myrda far sin: “Pappa stå opp, pappa stå opp”, gret han, uvetande om at mamma og pappa ikkje lenger var mellom dei. Familien flytta til Itamar etter at dei vart tvangsdeporterte frå Gaza-stripa i 2005 av Sharon-regjeringa som gjorde området jødereint og let terroristar frå PLO og Hamas ta over. Det er dette Hamas som nå hyllar drapa i Itamar og kallar det ein “heroisk operasjon”. Det er denne organisasjonen, med sin dødskultur, den raud-grøne regjeringa gjev av våre skattepengar i hundremillionar-klassen.

Det let seg ikkje skjøne korleis eit menneske kan ta livet av ein fire månader gamal sovande baby med kniv. Men dette er ikkje noko eingongshending som kan tilskrivast unormale og sjuke menneske. For jødar har blitt drepne av arabarar i Israel i alle år, med massakren i Hebron i 1929 som “høgdepunkt”. Massakrane hende i Israel lenge før nokon kom på tanken om at arabarane i Israel  var “eit eige folk”. Morda må vekkje oss til endeleg å ta avstand frå denne dødskulturen. Dei er i mine augo verre enn Utøya-massakren. PLO og Hamas driv TV-stasjonar og utgjev skulebøker som inneheld døme på dagleg hatopplæring og oppfordring til å drepe jødar. Born vert opplærde frå dei er små til å meine at jødane sitt blod er søtare enn livet. Alt dette kan dei drive med takka vere ei enorm økonomisk støtte frå Noreg og Vesten. Det må kunne stillast spørsmål om det er dette den raud-grøne regjeringa vil ha meir av, for elles ville dei vel ha stogga pengestraumen frå Noreg?

Rettferd og likebehandling må kunne krevjast: Vi bør ikkje tillate byggjing og drift av moskear i landet vårt dersom ikkje kyrkjer skal kunne byggjast like sjølvsagt og sikkert i Mekka eller andre stader i den islamske verda.