Gjestekommentar, 28.11.11

 


Allah skal med!?



Av
Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

Arbeiderpartiet gjekk i haust til val på slagordet “Alle skal med!” På Arbeiderpartiet sitt årsmøte i Oslo nå i vår slo møtet ring om muslimane i landet vårt. Partisekretær Raymond Johansen uttalte at eit angrep på muslimar var eit angrep på han og alle nordmenn, og la til om dei som ikkje delte hans meining:
“De representerer et farlig og forkvaklet syn på muslimer som vi må bekjempe med full kraft.” Talen fekk ståande applaus.

Jonas Gahr Støre nyttar formuleringa “Det nye Norge” om samfunnsendringa partiet i tida framover vil satse på. Som om ikkje det var nok, så vedtok årsmøtet at partiet ikkje lenger skal heite Det norske Arbeiderparti, men Arbeiderpartiet. “Det norske” er nå over og ut i landet sitt største parti. Er det dette som nå er realiteten i Arbeiderpartiet sitt slagord: Allah skal med!?
Ingen treng undrast over at Arbeiderpartiet strevar med å halde seg over trettitaletmeiningsmålingane, og at høgresida i norsk politikk ligg høgt. Til alt overmål: Formuleringa åt Gahr Støre, «Det nye Norge», er ikkje nytt. Eg er så gamal at eg i mine tidlegaste barneår høyrde det, og hugsar konsekvensar av det. Det er skræmeleg å møte det på nytt, og nå som aktuell politikk i Noreg i 2011!

(Noe forkortet av red.)