Gjestekommentar, 21.04.10

 

Ut med Kvite-Krist! Inn med framande gudar!

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no


Slik § 2 i Grunnlova framleis lyder, kan vi lese følgjande formulering: «Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion.» Den 11.mai vert forslaget om endring av Grunnlova lagt fram for Stortinget, og det kjem opp til votering i veke 22. Der er «evangelisk-luthersk» bytta ut med «menneskerettighedene». Menneskerettane vert vedtekne av FN. Der har ikkje-kristne nasjonar fleirtal. Konsekvensen av dette vert at Stortinget grunnlovfestar at det skal kunne opnast for og støttast opp under ikkje-kristne religionar. Slikt vert det lagt opp, trass i at §112 i Grunnlova seier at det ikkje er høve til å «forandre denne Konstitutions Aand». Dersom Stortinget følgjer opp i vedtaksform det som nå ligg føre, har det som konsekvens at dei hyller appellen åt Arnulf Øverland: «Stryk kristenkorset av ditt flagg, og heis det rent og rødt! La ingen by deg det bedrag at Frelseren er født!»

Vert fridomsverket frå Eidsvoll i 1814 nedreve slik det vil bli dersom forliket som nå ligg føre vert vedteke, er det då grunn til å la 17. mai-feiringa i framtida få den forma feiringa har hatt til nå, når det kristne i Grunnlova vert skvisa til fordel for framande religionar?