Gjestekommentar, 10.11.10
Krystallnatta
Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
Natta mellom 9. og 10. november 1938 markerar starten
på ei dramatisk opptrapping av jødeforfylgjingane i
Tyskland. Fortaua var fulle av glas frå tusenvis av knuste jødiske forretningsvindauge. Det er grunnen til at denne natta fekk namnet Krystallnatta.
Haldningane som førde til
Krystallnatta held fram. Det såg vi i programmet Urix på NRK2 den 8. november. I regi av Kirkens Nødhjelp
hadde stortingsrepresentantane Terje Røe Isaksen(H), Hadia Tajik(Ap), Inger Lise
Hansen(KrF) og Knut Arild Hareide(KrF) vore i
Midt-Austen. Dei levde ikkje
opp til det Skrifta oppfordrar til i Jesaja kap. 40
vers 2: Tal mildt til Jerusalem!