Gjestekommentar, 31.05.10

 

Jerusalembøna

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

Mellomkyrkjeleg råd for Den norske kyrkja har sendt brev til alle statskyrkje-menighetane i landet med oppmoding om at «Jerusalembøna» vert beden som ein lekk i gudstenesta førstkomande sundag, treeiningssundagen 30.mai. Ein lekk i bøna lyder slik:

 ”Send oss politiske ledere som er rede til å vie sitt liv til en rettferdig fred for sine folk. Gjør dem modige nok til å undertegne en fredsavtale som avslutter ett lands okkupasjon av et annet, som gir frihet for palestinere og sikkerhet for israelere, og befrir alle fra frykt. Gi oss ledere som forstår din bys hellighet, og som vil åpne den for alle dens innbyggere – palestinske og israelske – og for verden.”

Bøna er å forbanne Israel. I Bibelen står det at den som gjer det skal forbannast. Setningen «--- en fredsavtale som avslutter ett lands okkupasjon av et annet» syner kva vi har med å gjere. Israel okkuperar ikkje. Kven sitt land er det dei okkuperar? Situasjonen i Israel kan illustrerast med døme frå nyare norsk soge: I 1940 okkuperte Tyskland Noreg. I 1945 erobra vi landet attende. Vil nokon skulde nordmennene for ulovleg okkupasjon av Noreg?

 

Høybråten set si ære i si skjemd.

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

I DagenMagazinet for 28. mai skryt leiaren i Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten, over kyrkje/stat-forliket som nå er lagt fram for Stortinget, der Grunnlova skal endrast i skræmande lei: Evangelisk/luthersk i §2 skal strykast. I staden skal vi få nokon ullne formuleringar om kristen-humanisme. Dessutan om menneskerettar. Menneskerettane vert vedtekne av FN. Der har ikkje-kristne statar fleirtal.
I gamle eventyr kan vi lese om han som bytte gull i gråstein. Det Høybråten & Co nå gjer, anten dei vil vedgå det eller ikkje, er å kaste vår tusenårige kristenarv over bord. Det er berre eitt å seie: Gud bevare fedrelandet!