Gjestekommentar, 08.01.10

 

Intifada i Oslo

 

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

Fredag 8. januar er det eitt år sidan underteikna i lag med fleire hundre andre norske vener av Israel var samla til ei fredeleg markering for Israel. Markeringa fann stad i Oslo, på Eidsvolls plass utafor Stortinget.
Den einaste partileiaren som var der og heldt appell for Israel var leiaren i Fremskrittspartiet, Siv Jensen. Ho stod som ein påle og talte Israel si sak. Alle dei andre partileiarane feiga unna. Politiet hadde sett opp sperringar og var på vakt, men folka utafor sperringane sette i gang med skrik og skrål og meir til, slik at politiet bortimot miste kontrollen og laut til med tåregass. Demonstrantane tedde seg slik at det på Karl Johan og tilstøytande gater nærast var reine intifadaen. Politiet nytta både gitterbilar og politi til hest og med hundar.
Eg var imponert av hestane. Heilt utruleg kor roleg og fint dei kunne ta det. Det må liggje mange treningstimar bak slikt. Reaksjonane mot den fredelege markeringa syner kor viktig det er å stå opp for Israel.