Gjestekommentar, 10.02.10

 

 

Fei først for eiga dør!

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon, Changemaker, har gått ut med kritikk mot norsk forsvarsindustri som har auka våpeneksporten mykje dei siste åra. Og fy - våpeneksporten til USA, truleg sjølve store stygge ulven i deira auge, har auka mest av alt!
Angrep er det beste forsvar, heiter det. Såleis også her.

Kva er det så ikkje berre ungdomsorganisasjonen Changemaker hevdar og forsvarar, men også mor-organisasjonen Kirkens Nødhjelp gjer det same? Jau, åtak på Israel. Skulle desse to organisasjonane sine meir og mindre kryptiske utsegner blitt sette ut i praktisk politikk, ville det ikkje vore lenge før Israel hadde vore utsletta, og jødane på nytt spreidde ut over all verda. Mitt råd til Changemaker er difor: Fei først for eiga dør!