Gjestekommentar, 08.06.10

 

Bokstav-tru kristne er Bibel-tru kristne.

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

I Agder for 14. mai skriv Arild Vøllestad (på side 3) m.a.: «---vet vi at bokstavtroen leder til tankemessige og følelsesmessige problemer for mange». Dette har du heilt rett i, Vøllestad. Jesus sine eigne ord i Joh.ev. 14,6 er døme på det: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.» Desse orda av Jesus har gjennom alle tider sidan dei vart uttalte «ledet til tankemessige og følelsesmessige problemer for mange», og vekt motstand. Like frå Stefanus si tid som vi kan lese om i Apostelgjerningane, og fram til vår tid.

 

Vi ser at Jesus, i omtalen av seg sjølv, talar i bunden form eintal:

  1. Vegen – ikkje ein av vegane.
  2. Sanninga – ikkje ei av sanningane.
  3. Livet – ikkje eitt av liva.

 

Desse orda åt Jesus har alltid provosert det naturlege mennesket, for den einskilde veit straks ein høyrer eller les orda at skal ein kome til rette med det, så krevst det omvending. Eller, for å sitere kva Jesus i Joh.ev. 3,7 sa til Nikodemus: «De må fødast på nytt».