Gjestekommentar, 10.08.09

 

Tusenårsriket og skapartru

 

Det er med undring eg les kva Hope meinte og skreiv om Guds skapingsdager og endtida – og sammanheld det med kva teologane o.a. i posisjon i dag meiner om dette.  Denne mannen tala med ande og kraft fordi han trudde den heile Skrift og Gud brukte han til å vekkje folket. Nokon seier han er den største forkynnaren etter H. N. Hauge. Då er det tragisk å sjå kven som no ”sit på Mose stol” og kva dei lærer og kva resultatene vert. Ekstra trist er det når ein tenker over kva det kosta å bygge opp denne reidskapen han byrja på og som slektene etterpå har lagt ned av arbeid, slit, liding og sorg med sjukdom og graver i framande land – og som mange no herjar med som dei

heilt har gløymt fedrene kva dei lerde og ofra! Hebreerne 13. JH

 

 

Av Ludvig Hope, i www.Kommentar-Avisa.no (Henta frå ”I desse siste dagar” Lunde1947)

 

Men Guds ord syner oss ogso ei anna kviledagshelg, ei helg som ein stor part av menneskeætta skal oppleva utan å gå gjenom døden.

Det skal koma ei tid her på denne jord, før denne tidsalder er slutt, ei kviletid etter mange og lange stridsår. Som fredsriket til Salomo kom etter alle krigane David hadde ført, soleis skal det ogso etter ei lang og tung stridstid koma ei velsigna kviletid.

Då skal løva og lammet eta gras på same vollen, då skal alle krigsklæde brennast, kanonar og sverd verta omstøypte til plogjarn, og freden kvila over jorda som vatnet løyner havsbotnen.

Det er denne fredsens kviledagshelg som vår trøytte, skræmde ætt ser fram imot med større lengting enn noko tid før, og me må vel ha grunn til å tru at ho er ikkje langt borte.

Det er denne tida som har fått namnet tusenårsriket. Om det vil eg ikkje seia noko no.

For nokre år sidan kom ein sliten og trøytt arbeids-mann frametter ei gata i Oslo. Med eitt stansa han utanfor vindauga til ein bokhandel. Det var eit bilete han laut sjå på. Han såg, og han gret. So reiv han seg laus, men snudde og laut atter sjå på biletet og turka ei tåra.

Kva var det han gret for?

Innanfor glasruta hekk det kjende biletet av løva, lammet, kalven og barnet som held ei palmegren i eine handa og legg den andre om halsen på løva. Dette biletet som fortalde om fred og kvila, var det som fekk den trøytte mannen til å sjå og gråta.

Han lengta mot den tida då dette skal benda.

Millom alle dei guds-ord som me enda ikkje forstår heilt og fullt, er ogso dette om at all skapningen sukkar såman og lid sår verk såman alt til no. Ja, ikkje berre det, men me og, som har Ånden til førstegrøda, ogso me sukkar med oss sjølv, meddi me stundar etter barne-kåret, vår lekams utløysing. Rom. 8, 22-23.

 

Jeg vet en stund da bud der kommer

om hvile etter dagens strid,

da flykter verdens vintertid

for evighetens glade sommer,

da foldes blomsterknoppen ut,

og rosen 'blomstrer skjent hos Gud,

da har den sprengt sitt fengsel.

 

Gjenom heile Bibelen går det eit løyndomsfullt 6-tal og 7-tal som sikkert ber i seg guddomlege mål på vår tidsalder.

I 6 dagar skapte Gud verda, og den 7. kvilde han. I 6 dagar skulde Israel arbeida, og den 7. skulde dei kvila. I 6 år skulde dei så og hausta, det 7. året skulde jord og dyr og folk kvila. Etter 7 gonger 7 år kom jubelåret då kvar træl vart fri, og alle som av ein eller annan grunn hadde mist eller selt eigedomen sin, skulde få han att utan vederlag.

Det 50. året skulde haldast hellig, og då vart det ropa ut fridom for alle som budde i landet. Jubelåret tok til på den stor forsoningsdagen. Då ljoma luren gjenom heile landet. Mens offerlammet vart lagt på altaret og blodet stroke på nådestolen, vart folket kalla ut frå trældom til fridom.

 

Det er ut frå denne ordning i det gamle Israel at kristne har meint at strids- og arbeidstida for ætta er 6000 år. Det 7. tusenåret vert då tusenårsriket.

Me har stor grunn til å tru at dette er ei guddomleg ordning, og at me har rett til å venta dette fredsriket med si kviledagshelg. Sekstalet er talet til dyret, denne verdsens tal: 666. Men 7-talet er Guds tal.

Eg har sagt det ifør, men lat meg få ta det opp att her: Vår trøytte ætt mognast for denne lyse tid. Måtte ho koma snart!

 

 ***********

Me tar også med dette flotte kapittel under, av Ludvig Hope, som ber tittelen:

 

Den rette kviledagshelg

 

Men dette er likevel ikkje den rette kviledagshelg.

Den ætt som har fått leva i so gode kår i tusenårsriket, må ogso få si prøvetid. Satan som har vore bunden, skal atter koma laus, og det siste store verdsdrama fører alt fram til det siste oppgjør der høgsterettsdomen fell.

 

Då vert vondt og godt fullkomen skilde for evig og alltid. Då har Guds rike natt si fullending. Då er Jesu

Kristi frelseverk fullenda. Då let han Gud og Faderen ta riket, so Gud kan vera alt i alle.

 

Det nye Jerusalem stig ned frå himmelen frå Gud, prydt som ei brud for brudgomen sin.

Den evige kviledagshelg er komen, den siste tåra er; turka bort, og evig gleda skal vera i oss, om oss og over oss.         

Dette er den kristne von.

For ei von!

For ei framtid!

 

Ved basunens lyd når alle frelste samles skal engang,

ved det krystallklare havet møtes vi.

Venner, frender ifra jorden hilser vi med fryd og sang,

hvilket møte av de frelste det skal bli!

 

Når med englerøst det lyder: ingen tid skal være mer!

vi får samles og de frelste skarer se!

Hvilket møte på den strand hvor ingen tåre felles mer,

hvilket møte av de frelste det skal bli!

 

Når den store dag frembryter, da forsvinner hav og land,

Herren Jesus, ærens konge, skuer vi.

Da han byder alle frelste samles ved sin høyre hånd,

hvilket møte av de frelste det skal bli!

Når Guds engler høyt forkynner evig jubelår engang,

å, hva jubel, å, hva himmelsk harmoni!

Alle himmlens klokker ringer, høylydt bruser Lammets sang,

hvilket møte av de frelste det skal bli!

 

«Lat oss difor leggja vinn på å koma inn til kvila, so ikkje nokon skal 'falla etter det same føredøme på vantru.»

«Og han som sat på kongsstolen, sa: Sjå, eg gjer alle ting nye! Og han sa til meg: Skriv! for desse ord er truverdige og sanne.» Opb.21,5.