Gjestekommentar, 02.09.09

 

Skuldast klimakrisa mennesket si synd?

 

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

At klimakrisa skuldast mennesket er ikkje noko nytt: ”Herren såg at vondskapen var stor hjå menneska på jorda. Alle tankar som rørte seg i hjarto deira var vonde dagen lang. Då angra Herren at han hadde skapt menneska på jorda, og han var full av sorg i hjarta sitt --- ” (1. Mos. kap. 6 ff). Herren sende så det som har fått namnet syndfloda, der alt liv unnateke det som var i arka drukna. Herren lova, då vatnet hadde trekt seg attende, at det aldri meir skulle kome ein slik flaum som ville leggje heile jorda øyde. Det har det heller aldri kome, men vi har hatt ei mengd lokale naturkatastrofar av ymist slag.

 

Årsaken til storflaumen på Noa si tid var at Gud reiste naturen mot menneska, avdi menneska hadde reist seg mot Gud. Eg trur vi alle gjer klokt i å tenkje meir i dei banar, enn å korrektpolitisk tenkje CO2.