Gjestekommentarer, 03.06.09

 

 

Ny dyrkingsmetode og norsk etablererstipend gav gull i Etiopia

 

Ketil Fuglestad, i www.Kommentar-Avisa.no

 

Gull for banebrytande arbeid

Yavello-dalen i Sør Etiopia er ikkje kjend for frukt- og kaffidyrking, men dette er i ferd med å endra seg.  Ein ny dyrkingsmetode som er introdusert av den norske rådgjevings- og hjelpeorganisasjonen AFRI er grunnen til dette. Ein pensjonert prest som var den fyrste som tok metoden i bruk, fekk den 11.02.09 tildelt fortenestemadalje i gull av myndighetene i den store Oromia regionen for sitt banebrytande arbeid innan landbruksutvikling i Boranaområdet. Utdelinga skjedde på eit møte i byen Adama, der det kom folk også frå andre deler av landet og blei heidra for sin innsats. Konse Keko som den pensjonerte presten heiter, blei også intervjua på rikskanalen i etiopisk fjernsyn og fortalde om den nye dyrkingsmetoden og etablerer-stipendet som han har fått frå norske gjevarar gjennom AFRI.

 

Kontantstøtte

Stipendet er kontantstøtte som ikkje skal betalast tilbake. Det er omkring 80 % av investeringa i starten. I tillegg kjem ein betydeleg arbeidsinnsats frå bonden og familien hans. Dei som får slik støtte må sjølv ha idèen om kva dei vil bruka stipendet til. På denne måten vert det deira eige prosjekt. (Sjå www.afri.no )  

 

Djupe fòrer

Dyrkingsmetoden går ut på å lage fòrene så djupe og ryggjene mellom så høge at all nedbøren som kjem vert samla opp og trekkjer ned i jorda.  I tillegg vert det gravd ut ein dam på omkring 100 m3 hjå kvar bonde som sikrar plantene vatn i turketida. Dette er overflatevatn frå anna areal. I Yavello dalen ligg nedbøren på omkring 750 mm i året. Mykje av dette regnet kjem som kraftige byger, ofte 50 mm på få timar og utan desse djupe fòrene renn mykje av regnet bort. Når regnet blir ståande i fòrene trekkjer det ned i jorda på under ein time. Dette er ikkje noko problem for plantene. Når vatnet har trekt ned vert øverste jordlaget løysna for å hindre fordamping. Visne planter vert også brukt til å dekke jorda med.

 

Betre plantevekst

Denne metoden har synt seg å gi muligheter for ein betydelig betre plantevekst enn tradisjonell dyrking. Bøndene i Debobetti-området i Yavello føl no presten sitt eksempel og går over til denne metoden. Tolv bønder har alt teke metoden i bruk og ved siste besøk var det 8 nye som legg om til denne dyrkingsforma og fleire av dei har langt meir dyrkajord enn presten. Dette medfører at dei kan dyrka mange nye vekster som før ikkje var vanlig.

 

Frukt og kaffi

Dei fleste som går over til denne metoden ynskjer å dyrka frukt og kaffi, og dette er uvanlig i Yavello dalen. Det er også eksempel på at folk held fram tradisjonelle kulturar, men aukar avlinga. Det gjeld til dømes mais, bønner, sukkerrøyr, løk og andre vekster.  

 

Papaya og kaffi

Konse Keko har hatt spesielt hell med ein kombinasjon av Papayapalmer og kaffibuskar.

Papayapalmene vert planta på dei høge ryggjene og kaffibuskane nedi fòrene. Dermed vert Papayapalmene ei god skyggeplante for kaffibuskane. Kaffibuskane likar å veksa under litt skygge. Dette gjev også bonden inntekter innan eitt år etter planting ved salg av Papayafrukter. I Yavello begynner kaffibuskane å gi bær etter tri år.

Innimellom palmer og buskar vert det dyrka bønner som er med og tilfører jorda nitrogen frå lufta. I tillegg til dette vert det berre gjødsla med naturgjødsel. Det synes ikkje å vera nødvendig med bruk av kunstgjødsel avdi planteveksten er kraftige og fin. Av andre plantslag som vert sådd innimellom er mais viktig. Dermed får dei matkorn frå jorda medan Papya og kaffibuskar veks til.  

 

Stor takk

Ryktet om framgangen i Debobetti-området har spreidd seg. Mest kvar dag kjem det bønder eller rådgjevarar til Konse for å sjå og læra. To bønder i Kobbo-området har  gått over til same dyrkingsforma og spesielt den eine har mykje jord og stort areal med sukkerrøyr.

Konse trur at dette vil bety mykje for bøndene i Yavello dalen. Han uttrykkjer stor takk til dei som støttar AFRI sitt arbeid i Etiopia.