Gjestekommentar, 23.10.09

 

Kvar går KrF?

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

Slik vert det spurt. Ein treng knapt spørje. Det er berre å sjå på fotefara, så ser ein kvar det ber av. Då striden om leiartrøya i partiet stod mellom Kåre Kristiansen og Kjell Magne Bondevik for mange år sidan, sa ein stortingsmann for KrF til meg i ein samtale eg hadde med han: Vinn Bondevik denne striden, vert KrF den sterkaste avkristningsfaktoren i landet vårt. Fotefara åt Bondevik & Co, og fruktene framferda deira har bore, syner at han fekk rett:

Kjell Magne Bondevik avsette Børre Knudsen.

John Lilletun sørgde for at Olav Berg Lyngmo og Arne Thorsen vart avsette.

Kjell Magne Bondevik sørgde som statsminister ikkje for norsk anerkjenning av Jerusalem som Israel sin udelelege hovudstad, og å flytje den norske ambassaden dit frå Tel Aviv.

Dagfinn Høybråten har vore statsråd for helse-og sosialsaker, og har dermed administrert abortlova og vore ansvarleg for tolv-femten tusen fosterdrap i året i si statsrådstid.

Første nestleiar i KrF og stortingsrepresentant Dagrun Eriksen jubla då ho hadde vore med på å vedta den nye føremålsparagrafen for skulen. Statsråd Solhjell (SV) jubla også – vi har nå fjerna den siste rest av gufs frå fortida, sa han – det var kristendomen han kalla gufs frå fortida.

KrF var i perioden vi nå har bak oss med på forliket som i denne nye stortingsperioden vil kome til ny og endeleg votering, om å fjerne «evangelisk-luthersk» i § 2 i Grunnlova, og erstatte det med det utflytande omgrepet menneskerettarrettar som det ligg i FN si hand å endre, noko som er særs ille nå når kristendomnegative statar er i fleirtal i den forsamlinga.

Stortingsrepresentant Knut Arild Hareide er ikkje mot den nye ekteskapslova. Kjell Magne Bondevik støttar Hareide. Båe talar vel om det Bibelen kallar skammeleg utukt.

KrFU sin valkomite har nylig nominert ein kar som lever i homofilt «ekteskap» til medlem av sentralstyret deira. Den nyvalde Aust-Agder representanten for KrF til Stortinget og leiar i KrFU, Kjell Ingolf Ropstad, støttar nomineringa.

Andre nestleiar i KrF, Inger Lise Hansen, har offentleg gått ut i media og uttalt noko om at nokon bør forlate partiet – såvidt eg skjønar er det slike radikalarar som meiner det Bibelen meiner ho siktar til.

Sterke krefter i partiet har gått offentleg ut og uttalt ønskje om å få fjerne vedkjenningsparagrafen.

Å lefle med synda fører KrF inn under straffedomen, men haldninga til Israel fører partiet inn under forbanninga. Denne doble konsekvensen ser vi av valresultatet. Etter valet har det berre gått vidare nedover. På siste meiningsmålinga var partiet under sperregrensa.