Gjestekommentar, 14.12.09

 

Frontkollidering: Kreasjon/evolusjon

 

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

Vi er nå i «jubileumsåret» for då Charles Darwin gav ut boka «Om artenes opprinnelse». Den læra han lanserar der frontkolliderar med Bibelen si skapingssoge:

Går vi til vers 11 i kap. 20 i 2.Mosebok, så ser vi at skapinga var ei veke, då medrekna kviledagen: Ei veke à 7 dagar à 24 timar. I Jobs bok kapitla 40 og 41 kan ein lese om nokre svære dyr. Fotnotene gissar på krokodille og flodhest, men skildringa tyder på dinosaurar, slik lærebøkene skildrar dei. I følgje dei same lærebøkene døydde dinosaurane ut lenge før menneska kom. Korleis kunne detvere dinosaurar på Job si tid?

Når lærebøkene «lærer» oss at dyr døydde lenge før menneska kom, så frontkolliderar det med Bibelen si lære som forkynner at døden kom med syndefallet. I versa 29 og 30 i første kapitlet i første Mosebok ser vi at både menneske og dyr skulle leve av vegetabilsk føde (planteføde). Det er ikkje før etter syndefallet at det vart animalsk føde (av dyr).

Vi startar vår tidsrekning ved Kristi fødsel. Jødane startar si ved skapinga. Åra vert talde frå då verda vart skapt, som jødane ut frå teologiske studier har fastlagt til 3761 f. Kr. Israel sin kalendar har såleis nå kome til året 5770. Jødane, Guds eigedomsfolk, veit nok kva dei steller med.

Bibelen si skapingslære er fundamentet for resten av Skrifta. Riv ein dette fundamentet og erklærar at det berre er myter, så raser første trusartikkelen. Dermed raser også dei to andre trusartiklane. Surdeigen Darwin-læra undergrev Bibelen sitt fundament. Vi ser kva den surdeigen har ført til på dei hundreogfemti åra som har gått sidan boka «Om artenes opprinnelse» kom. Vert ikkje Bibelen si skapingssoge fasthalde, vert kristendomen berre eit tomt skal. Difor er Darwin-læra så utspekulert djevelsk.