Gjestekommentarer, 29.06.09

 

 

Bispeutnemninga i Stavanger bispedøme

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

Erling Pettersen er blitt utnemnd til ny Stavanger-bisp, i strid med fleirtalet hjå dei som har uttala seg. Dette har fått soknepresten i Randaberg til å titulere kyrkjeministeren Ayatolla Giske.

 

Det viktigaste spørsmålet ved utnemning av biskop er kva vedkomande står for teologisk – det gjeld forresten ikkje berre ved utnemning av bisp, men også ved utnemning av prost og prest. Det er heilt fundamentalt for tenesta at denne er grunna på bibeltillit og sunn bibelsk lære. Det er sjølve hovudkriteriet, for det vil prege forkynninga. Det er gjennom forkynninga tilhøyrarane får tru og liv.

 

At den utnemnde er folkeleg, spirituell, inkluderande og kva ein elles måtte ha av positive merknader er heilt underordna og marginalt i høve til dette eine: Er forkynninga Kristus-sentrert og Bibel-tru? Det er dette som manglar med den nyutnemnde Stavangerbispen: Han lærer galt om eit så fundamentalt spørsmål som homofilt samliv. Det er ikkje noko adiafora-spørsmål. Det er spørsmål om evig sæle eller ikkje: Dei som lever slik skal ikkje sjå Guds rike står det å lese i Skrifta. Slik falsk forkynning skaper falsk tru, tru som fører til evig fortaping. Slike forkynnararavvisast.