Gjestekommentarer,
Vil Glen
Breivik forby Bibelen?
Av
Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
I Aftenbladet for 10. juli
skriv Breivik m.a.:
”Religiøse menneskers
offentlige uttalelse om at homofili er syndig, bør bli straffeforfulgt som hate
speech.”
Mot slutten av artikkelen skriv han: ”Skal det fortsatt være
tillatt i full offentlighet å nedvurdere og trakassere en minoritet som de
homofile gjennom å hevde at praktisering av deres seksuelle legning er
syndig?”.
Når det i Bibelen heiter at dei som lever slik ikkje skal
arve Guds rike, meiner Breivik at det skal bli forbode å sitere desse tekstane
frå Bibelen - offentleg?
Bevar kristen
kulturarv i skulen
Av
Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
I DagenMagazinet for 26. juni har Ingebrigt Sørfonn eit innlegg med overskrift som her. Der skriv han innleiingsvis:
”KRF er oppteken av at kjennskapen til det kristne verdi- og
kulturgrunnlaget ikkje må gå tapt. Derfor må kunnskap
om kristendommen ha god plass i skulen, ikkje i form av forkynning, men som formidling av engasjerande kunnskap.” Innlegget åt Sørfonn
er eit forsvar for KRL-faget.
Eg vil få lov å spørje Sørfonn, og eg vonar han vil
svare i DagenMagazinet: Er det kunnskap, eller er det
forkynning å lære elevane følgjande
frå Johannes-evangeliet:
a) Kap. 3, vers 16: For
så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne,
så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt,
men ha evig liv.
b) Kap. 14, vers 6:
Jesus seier: Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.
Dersom sitata, sett i ljos av
fagplanen for KRL-faget, er forkynning og ikkje kan nyttast i
undervisninga, kvifor kjempar
då KrF og Sørfonn for KRL-faget?