Gjestekommentarer, 29.09.08

 

Offensiv mot Israel-hatet

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no


Av og til høyrer eg ved overføring av gudstenester i radio/fjernsyn at presten ber for ”Israel og de palestinske områder”. Veit den som ber slik kva det blir bede om? ”De palestinske områder” er eit omgrep den politiske venstresida i Noreg har greidd å få inn i norsk daglegtale. Det omfattar Jerusalem, Judea, Samaria, Benjamins, Efraims og Manasses land. Der finn vi Sikem, Silo, Betel, Betlehem og Hebron. Og så vert det i prestebøna kalla palestinsk? Vil norske som kallar seg kristne gje Israel sitt hjarteland til arabarane?

Kva er det som har hendt? Det ser ut som at den politiske venstresida har greidd å fordreie heile det norske folket. Folket har teke mot lygna, og har byrja å tru den, slik at både lek og lærd, både politikarar og åndelege leiarar fer vill.

Er det ikkje snart på tide at det offentlege Noreg løyver midlar til å få fram motforestillingar mot Israel-hatet? Kanskje det ikkje kan bli aktuelt før om eitt år, når dei raud/grøne har fått avløysing?