Gjestekommentarer,
Norge sin
ambassade i Israel
Av
Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
I Aftenbladet for 12. april
går fylkesleiaren i Rogaland KrF i rette med meg
fordi eg i eit innlegg 7. april heldt
Frp sin Israel-politikk betre
enn KrF sin. Påstanden min står fast: Frp sin
Israel-politikk er betre enn KrF sin.
Konsekvensen av KrF si haldning er
at partiet ikkje anerkjenner Jerusalem som israelsk
territorium. At KrF ikkje vil flytje
ambassaden frå Tel Aviv til Jerusalem tyder då at partiet ikkje
anerkjenner Jerusalem som Israel sin hovudstad.
Israel ønskjer at Noreg skal leggje ambassaden til
Jerusalem. Kva ville leiaren
i Rogaland KrF tykt om Israel hadde nekta å leggje
sin ambassade til Oslo, men i staden plassert ambassaden i t.d. Halden?
Gjev oss Barabbas fri!
Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
Den nyaste
versjonen av dette ropet kjem nå frå norske bispar:
Gjev oss Vanunu fri!
Men Vanunu er ein forrædar mot sitt eige heimland.