Gjestekommentarer, 15.09.08

 

NorNed-kabelen

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

Torsdag 11. september 2008 vart det feira på Feda i Kvinesdal. Kva er konsekvensen for deg og meg det som vart feira? Jau, at straumprisen går opp. Den varsla prisoppgangen på straum er heilt unødvendig, men skuldast at vi er kopla opp mot den europeiske kraftmarknaden. Vi sel rimeleg, forureiningsfri kraft, og kjøper attende dyr kol- og atomkraft.

Frisleppet av kraftmarknaden kom med energilova. Den vart vedteken i den tida Eivind Reiten (Sp) var energiminister. Han hadde ansvaret for liberaliseringa av den norske energimarknaden. I Noreg er vi sjølvforsynte med forureiningsfri kraft. Det er difor heilt meiningslaust å selje denne krafta til utlandet, og så kjøpe attende kraft som er dyrare og produsert med kolfyring eller gjennom atomkraftverk. Problemet kan løysast ved at vi koplar oss frå den europeiske kraftmarknaden. Til det krevst politisk mot og vilje.

 

Tilkoplinga på Feda den 11. september 2008 vart føreteken av energiminister Terje Riis-Johansen, også han frå Senterpartiet. Ringen er slutta.