Gjestekommentarer,
”Magnhild holdt
homo-messe i St. Petri
kirke”
Av
Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
Denne overskrifta grein imot frå avisstativa måndag
8.september. Det var framsida av Rogalands Avis som bar denne ”glede-bodskapen” til torgs. I ”messa” hadde Magnhild Meltveit Kleppa m.a. uttalt: ”At hun tror på en Gud som er
rausere enn menneskenes avgrensede tanker”. Dette kan ikkje
skjønast annleis enn at Meltveit
Kleppa trur på ein annan
Gud enn den Bibelen forkynner. For kva dom feller
Bibelen over dei som lever homofilt?: Dei skal ikkje arve Guds rike,
seier Ordet.
Då Gud hadde skapt, står følgjande å lese i siste verset i første kapitlet i første
Mosebok: ”Og Gud skoda alt det han hadde gjort, og
sjå, det var overlag godt”. Når alt var overlag godt, var ikkje
noko skapt slikt at Han fordømde
det. Homofili er noko som kom med syndefallet, og er
Satan sitt verk. Det vitnar Bibelen.