Gjestekommentarer,
Løftebrytarane sin dag på Stortinget
Av
Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
Før Stortingsvalet i 2005 sleit dei lokale toppkandidatane i Rogaland Senterparti med uro frå grasrota i fylkespartiet. Veljarane frykta at dei, i samarbeid med Ap og SV, skulle gå inn for einkjønna ”ekteskap”. De treng ikkje la dykk plage av skræmeskota frå Dagfinn Høybråten, uttalte Magnhild Meltveit Kleppa til Aftenbladet. Senterpartiet vil ikkje endre gjeldande ekteskapslovgjeving. Andrekandidaten på Senterpartilista for Rogaland, Trond Lode, hevda også det.
Det synte seg etter kvart at uttalane
var falske, og at veljarane var førde
bak ljoset. Magnhild Meltveit
Kleppa snudde tidlegare i år, der ho etter fattig
evne prøvde å rettferdiggjere seg med hole argument.
Trond Lode har også gjeve til kjenne for ei tid sidan at han hadde snudd. I Odelstingsdebatten i Stortinget
Etter det pressa har bore bod om skal visst desse to, Kleppa
og Lode, toppe Senterpartilista i Rogaland ved Stortingsvalet i 2009. Spørsmålet for dei
to kandidatane vert etter det som har hendt: Korleis vil misjonsfolket i Rogaland sine senterpartiveljarar takle situasjonen som nå ligg føre?