Gjestekommentarer,
Kristendomsforfylgjing
Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
Kristendomsforfylgjing finn vi grovt
sett i tre versjonar:
1.: Der all religion er bannlyst,
slik som i totalitære kommuniststatar.
2.: Der ein
forbyd konvertering frå den rådande religionen til ein annan, slik som i islamske
område.
3.: Der ein
krev lydnad mot staten sin ideologi utan at ein direkte krev at ein fråseier seg si personlege tru.
Dette siste skjer i einsrettande og illiberale nasjonar, slik det
norske samfunnet under det antikristelege presset frå
den raudgrøne regjeringa er i ferd med å utvikle seg
til.
Som dagsaktuelt døme har vi
trugsmålet mot Frelsesarmeen sin ungdomsorganisasjon om å fråta
dei statleg tilskott dersom
dei ikkje bøyer unna og godtek nærast kva
livsførsel som helst i leiinga si. All slik tvangmessig og ideologisk einsretting er i sin karakter antidemokratisk og tyrannisk.
Til hausten, i september 2009, får vi høve til å ta eit
oppgjer med det styresettet vi har nå.
(Red. anm.:
”Og før høsten (og hele tiden) kan
alle frie og ufrie mennesker opponere mot den totalitære ånd via sin munn og
via skriftspråket! Sannheten knekker de ikke!”)