Gjestekommentarer, 15.08.08

 

 

I dag Georgia, i morgon Noreg?

 

Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

Det som hender i Georgia bør få norske politikarar til å tenkje seg om. Dette er ikkje tida for å byggje ned det militære nærværet vårt i nordområda. Det er heller ikkje tid for å svekke banda til vår fremste allierte på den andre sida av Atlanteren, USA. For Noreg og Georgia har meir til felles enn at vi båe er små land med tilnærma likt innbyggjartal: Vi har båe grense mot Russland, og når nå, som det ser ut at Putin, den gamle KGB-offiseren, går i Sovjet-fotspora, så gjeld det å stå vakt i gevær! Noreg må straks setje ressursar inn for å byggje opp att eit sterkt og truverdig totalforsvar!