Gjestekommentarer, 03.11.08

 


Hadde Jesus fått asyl?


Av Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no

 

 Under den overskrifta har Emanuel Minos eit innlegg i Velsignet helg for 01.11.08.

Det er noko Minos ikkje nemner: Vismennene hadde gjeve gull, røykjelse og myrra. Tre verdfulle gåver med lite volum for store verdiar.

Josef vart dermed sett i stand til å betale for seg og sine i Egypt. Han var ein svært privilegert flyktning samanlikna med dei Minos nemner i artikkelen.

 

Samstundes skal vi vere merksam på at dette er eit godt døme på korleis Gud rustar ut dei han kallar.