Gjestekommentar, 12.03.08

 

Grunntekster og bibelomsetjinger

 

 

Av Arthur Berg i Dagen 21. mars 1987

 

Innledning av Jørgen Høgetveit

 

Egentlig het artikkelen hans ”Tekstkritikk og dilikt” og det kunne vi også godt kalt den, men vi regner med at denne overskrifter vil fange interessen bedre. Innholdet er fremdeles toppaktuelt – ikke minst i forhold til den siste bibeloversettelsen vi har fått av NT fra MF som gir seg ut for å være mer ”konkordant” – altså mer i samsvar med grunntekstene. Men så langt en har lest, så sier de ikke rett ut hvilke grunntekster som er brukt – og det er liten grunn til å tro at de har endret så mye på disse basisspørsmål enn det en kunne se av debatten omkring Bibelselskapets oversettelse av 1978. Vi mener derfor at denne artikkelen av A. Berg fremdeles er toppaktuell. Og vi anbefaler våre lesere å holder seg til Bibelen av 1930 eller 1988. De tre ”gamlekara” som skapte NB 1988 er nå døde. Det var Berg, Wisløff og Gilbrant – og få reiser nå kritiske røster og få imøtegår dem. Både fordi ordene som en går ut i fra, ordene en bruker i oversettelsene og budskapet det formidler, er uhyre viktig for Guds barn.

Ordet og språket som budskapet formidles gjennom, er altså av fundamental betydning. Mennesket er skapt av Gud med en fundamental evne til å utvikle og forstå ord. Og Gud selv har åpenbart seg for mennesket gjennom Sitt Ord. Ja, den hele Skrift  er innblest av Gud.  

 

Mine får hører min røst, sier Jesus. Og selv om en ikke er en av de lærde – har Herren i sitt Ord garantert at de som har kommet inn i barnekåret, skal slippe å komme på avveier. Som sauene skiller en sann og en ond hyrde fra hverandre på røsten – slik skal også hans barn være reddet fra forførende røster. Er det noe som er galt, hører de at det skurrer og flykter som sauen. Hvordan han nøyaktig gjør det – kan vi ikke i detalj si – men vi vet at ikke endog dåren skal fare vill. Det må ha noe med at den som Herren har inntatt hjertet til – han opplever det som Wergeland sier: ”Du i ditt hjerte før i din panne, kjenne det sanne.”

Og en ting til. De spørsmål Berg drøfter under, har flere av oss blitt oppmerksomme på i internasjonal presse – så det nytter ikke å underslå det for vår norske befolkning.

Men uansett er det grunnleggende viktig å få Guds inspirerte Ord på hebraisk og gresk så korrekt formidlet til norsk som mulig. Derfor er artikkelen under viktig for enhver bibelleser. Og kjenner en seg ikke sikker på den Bibel en har i hånda – så kan jo mange av oss engelsk – og skaffer en seg da King James version (1611) i riktig oversettelse, har en god hjelp – samt de kilder A. Berg nevner i sitt innlegg fra 1987.

 

A. Berg skriver:

”Dag Kjosavik`s artikkel den 9. mars om ”Arthur Bergs tekstkritiske prinsipper” slutter med å segja at dersom vi no fær ei Bibelomsetjing som legg ”en anna gresk tekst til grunn enn den Bibelselskapet har brukt . . . vil forvirringen blant lekfolket bli enda større enn den allerede er”. Eg skynar resonnementet, men har han ikkje snudd det på hovudet? I alle høve var det 78-omsetjingi som for fyrste gong med heller stor konsekvens la ei anna gresk tekst til enn dei eldre norske bibelomsetjingar hadde gjort. Det var altså Bibelselskapet som skapte den forvirring fordi det braut med tidlegare tekstkritiske prinsipp.  Det som den alternative omsetjinga gjer, er ikkje å innføra noko nytt i norsk bibeltradisjon , men å gå attende til ein eldre tradisjon. Men Kjosavik har rett i at dette er hovudproblemet. Difor er eg takksam for at han tek det opp.

Dag Kjosavik  sjølv meiner likevel at slike spursmål er lite skikka til å dryftast i dagspressa. (Trass i det tek han opp to tri ”heilfaglege” tekstkritiske spursmål i artikkelen sin.)  Men dei er meir skikka til å kasta ljos over tekstkritiske prinsipp generelt, enn til å løysa flokane som ligg bak ulikskapen mellom 78-omsetjinga og ”Den nye Bibelen”. Og han spør om eg verkeleg vil be lekfolket støtta det synet på originalteksti som ”nybibelenbyggjer på?

Meiningi med spursmålet er sjølvsagt den at folk som  ikkje kan gresk og har andre ”ekspertokratiske” føresetnader, ikkje kan støtta  eller vraka anten -78 eller Nybibelen. Han har vel rett i det eit stykke på veg. Men i so fall er stoda verre og ikkje betre om ein legg fram ei ny omsetjing som lekfolket heller ikkje kan vurdera fagleg og be og uforvirra tillit til den, samstundes som ein fråbed seg eit alternativ. For min del tykkjer eg dei ”ulærde” er verre farne dersom  dei fær valet  mellom eit alternativ og helst ikkje bør vita noko særleg om andre alternativ.

Elles trur eg helst ein undervurderer lekfolket og mistolka situasjonen for lesarane. For det som skal verka forvirrande for dei no, har i so fall forvirra dei lenge. Det nye er berre at no fær dei vita meir om bakgrunnen for det som hender i moderne bilbelomsetjingar. Vi lever ikkje lenger i analfabetismens tidsalder. Tvert om er vi alle for lærde å kalla.   Og dersom vanlege bibellesarar korkje kan lesa gresk eller engelsk eller andre framande tungemål, har dei høve til å bøta på slikt. Vi har både fått det utrulege hjelpemiddelet som ”Illustrert Bibelleksikon” er, og vi har fått Studiebibelen som set ikkje-teologar i stand til å studera gresk grunntekst når dei les ulike omsetjingar av ord og vers i NT. Difor treng ikkje lekfolket vera radt so hjelpelause i vår tid som dei nok var tidlegare.  Og difor er det slett ikkje naudsynt å hjelpa dei av med forvirringa på den måten at ein freistar  lata so mange som råd er av dei, vera uvitande om vanskane med ei bibelomsetjing og på den måten koma uforvirra gjennom verdi.

 

For det andre klagar Kjosavik over at eg blandar saman so mange ting i ein artikkel om saki. For eg skriv ikkje berre om Textus Receptus og andre tekster, men også om ideomatisk omsetjing og andre ting. Kvifor blandar eg ulike ting saman på den måten, vil han vita. Grunnen er den at eg for min del ser meir enn ein grunn til å kritisera 78-omsetjinga. Difor har eg ført opp meir enn ein grunn. Men at ikkje alle grunnane er ideologiske eller fonetiske er av same slag, kan eg ikkje hjelpa. Og eg skjemst ikkje over det heller.

Lat meg ta eit døme som eg visst ikkje har skrive om før, men som ogsoblandar inn” noko anne enn rein tekstkritkk. I Rom 10,4 sto det i 78-omsetjingi: ”Kristus er lovens slutt. . .” Dette vart retta i 1985 so no står det ”Kristus er lova sitt endemål….” (Bokmål; Kristus er loens ende.) Det greske ordet her er ”telos” som tyder ende, slutt eller endemål. Ordet er altso tvetydig. Og det kan omsetjinga få fram ved å skrive ende. Men ettersom det altso er tvetydig og kan hende kunne skapa forvirring, kan ein sjølvsagt frelsa omsetjingi frå det tvetydige og skriva ”slutt”. Det er bra dersom det er korrekt. Men dersom omsetjingarane gissar i miss, er det ille. Då stengjer dei vegen til den rette forståingi av ordet. Dette har altso Bibelselskapets omsetjarar skyna og er gått attende til ei korrekt tvetydig omsetjing. Det var naudsynt fordi ordet ”slutt” står i konflikt med det Jesus sa om at han ikkje var komen for å avlysa lovi, men for å fullføra henne. Ordet støttar seg dessutan til den livsfårlege antinomistiske forkynningi som i vår generasjon har halde på å få herredøme i norsk forkynning.

 

Eg meiner at 78-omsetjingi fleire stader har tydeleggjort tvetydige uttrykk i gresk og gjort det på en måte som ikkje berre dyljer den originale tvetydigskapen, men som jamvel stundom kjem i skade for  å stengja vegen til den korrekte forståingi av teksti. (Det verste dømet på ei slik omsetjing er Rom 11,15 der det i den nye omsetjingi står at Gud har forkasta Israel (som paktsfolk, trass i at Paulus i det fyrste verset i det same kapitelet segjer at Gud ikkje har forkasta folket.  Her er gresken tvetydig og kan omsetjast  anten med at folket forkasta Jesus, eller at Gud forkasta folket.) Ei god omsetjing bør vera like tvetydig.

 

For det tridje skriv Kjosavik at  eg freistar forsvara Textus Receptus med ”en temmelig selsom argumentasjon” . Det rare skal vera det at eg har hevda at når Gud har inspirert Bibelens forfattarar for å føra folket på den eine vegen som fører til frelse, må han ogso ha sytt for at den inspirerte teksti aldri gjekk til grunne.

Sjølv tykkjer eg ikkje den argumentasjonen er serleg rar. Men Kjosavik tek i miss når han trur det er min argumentasjon. Det eg skreiv, var at ein del av dei fyrste som opponerte mot å forkasta Textus Receptus, var ein britisk bibelforskar som heitte J. W. Burgon. Og han argumenterte slik. Og han sa at dersom dei hadde rett som no ville innføra ein god del avvik frå Textus Receptus, ville det vera det same som at denne ekte teksti hadde vore so å segja  ukjent i mesteparten av den kristne verdi. For storparten av dei avskriftene vi har, er i Receptus, og berre ein ørliten prosent har den teksti som moderne tekstkritikarar på slutten av 1800-talet mente var den ”einaste forsvarlege”.

 

Når eg skreiv at dette var Burgons argumentasjon, kom det ikkje av at eg ynskte å polimisera mot det, men av at eg ikkje hadde rett til utan vidare å gjera det til mitt. Eg er nemleg ikkje ”fundamentalist”, endå om eg alltid har hatt vurnad for det synet, fordi eg ikkje kan tenkja meg at dei som tenkjer slik, nokon gong kan koma til å svika skriftprinsippet.

 

Sjølv hadde eg og har eg i prinsippet Hallesbys syn på inspirasjonen og Bibelen. Difor kan eg ikkje alltid bruka fundamentalistanes språk. Men herma dei kan eg. Og det var det eg gjorde. Lenger gjekk eg ikkje. I studiet lærde eg ogso å stava meg fram til NTs greske tekst og i moderne tekstkritiske apparat, og ville helst ikkje at folk skulle tru at eg hadde vanskar med det heller.  Men eg hadde vanskar. Og vanskar vart fleir di meir eg las. Serleg etter at eg hadde slumpa bort i Burgon og folk av hans kvalitetar. Dei gjekk til kraftige og velgrunna åtak på dei tekstkritiske leksene som eg hadde pugga. Verst gjekk det med den leksa som sa at dei beste avskriftene vi har, er dei to eldste av alle kjende avskrifter. Burgon hadde studert dei avskriftene, serleg Sinaiticus, og han hadde ført fram vektige argument mot dei. Han hadde heller ikkjemykje til overs for dei tekstkritiske hovudprinsippi som all min eigen tekstkritiske ”lærdom” hadde bygd på. Men eg var ikkje i stand til å svara eitt til tusen på det som Burgon sa.

 

Difor skreiv eg ein artikkel eller to der eg spurde kvifor lærarane mine ikkje hadde fortald meg om desse problemi. Og so bad eg dei gjeva meg hjelp til å halda ope det gamle synet mitt. Men skulle eg kunna det, laut dei syna kvar Burgon tok i miss. Eg fekk aldri noko svar. Eg hadde pirka ved det tekstkritiske dogmet at ”dei eldste manuskript er dei beste”. For Burgon hadde sagt at dei tvert om høyrde til dei ringaste på mange måtar. Kan henda det var grunnen til at dei ikkje vart lesne i filler: Dei hadde den ortodokse kyrkjeopinionen imot seg, og vart difor i praksis tekne ut or tradisjonsstraumen.

 

Dag Kjosavik har nok ogso kjennskap til at dei høglærde tekstkritiske reglane som Wetscott og Hjort (skjulte katolikker red. anm.) hadde lært oss, står langt veikare i vår tid enn dei gjorde i mi studietid. Både ”familie-grupperingane” og sjølve graderingi vert no sterkt kritisert. Det førar ikkje utan vidare til at ein godkjenner Textus Receptus, men vel til at heile resonnementet bak moderne tekstkritikk er i støypeskeii. Om dette altso ikkje alltid fører til oppvurdering av Textus Receptus, kjem i alle tilfelle hovudlærarane våre i tekstkritikk verre utav det enn den gamale NT-teksti som fedrane våre gjer.

 

Når Kjosavik elles meiner at Burgon-argumentet om tradisjonen kan samanliknast med det katolske tradisjonsprinsippet, er det han som blandar likt og ulikt. For tradisjonsprinsippet i Rom har ført til at synspunkt som Bibelen ikkje lærer, er vorte dogmefeste.  Burgon derimot, tenkte at Gud hadde hatt si hand med i kampen mot medvitne og umedvitne forfalskingar av dei bibelske bøkene.