Gjestekommentarer,
Av
Hallvard Kvæven, i www.Kommentar-Avisa.no
I går vart omtrent femti born drepne,
og det same vil hende i dag. Når ei ”normalveke” er omme, har omlag tre hundre born vorte tekne av dage, og innan utgangen av månaden eit tusen-tal. Slik er det kvar månad, og dette vert gjort med staten si ”velsigning” ved
den abortlova vi har, og som er ei barnedraps-/fosterdrapslov.
Hadde femti fødde born blitt
drepne kvar dag med løyve frå staten, ville det nok blitt stor ståhei.
Provosert abort er å drepe ufødde medmenneske, og det har store destruktive konsekvensar for folk og land.