Gjestekommentar, 21.12.06

 

 

Statens offentlege religion og styresmakta

Av Lars Lode (kilde: Dagen.no)

 

Ordskiftet mellom Arvid Genius og Axel Saxe er på avveg. Dei legg ut om kvar sine ting. Genius taler om kristentrua som menneskeleg rettsordning. Saxe skriv om trua som liv med Kristus.
Bakgrunnen for å ha ein offentleg religion var at lovgjevarane på Eidsvoll kjende godt til den franske revolusjonen av 1789 og den vidare utviklinga der. Dei hadde sett at det gode utgangspunktet på få år hadde utvikla seg til eit blodig mareritt. Grunnen var at den franske grunnlova ikkje hadde godt nok vern mot forandringar og maktmisbruk. Derfor kravde grunnlova vår at konge, regjering og alle embetsmenn skulle lova truskap mot grunnlova, og leva og styra i samsvar med statens offentlege religion.
Ved at alle i landet fekk undervisning om denne trua i skulen, og ved kravet til alle røysteføre om truskap mot grunnlova, og forbod mot forandring av ånd eller prinsipp i grunnlova skulle me vera sikra mot utgliding. Det var korkje då eller nå tale om tvang til tru, som Saxe seier.

Grunnlova krev at Kongen skal vedkjennast statens offentlege religion, handheva og verna han, og sjå til at statens offentlege lærarar, det vil seia biskopar, prestar og kristendomslærarar held seg til dei føreskrivne normene, det vil seia Bibelen og vedkjenningsskriftene.

Men grunnlova er sett ut av kraft. Der sit folk i regjeringa som har gjort framlegg om å få bort konge og kristentru. Andre vil gjera ende på sjølstendet. Når regjeringa har ansvar for at dei som underviser i statens offentlege religion, held seg til dei føreskrevne normene, skulle det vera klart at det er maktmisbruk å utnemna folk som har levd eller lært i åpenlys strid med dette før utnemninga, og heller ikkje gir seg med slikt etterpå. I fleire tiår har dette vore forsømt. Grunnlova er sett til sides. Statsrådar har misbrukt stillinga si til å fremja grunnlovstridige partiprogram eller sine eigne private ideologiar og livssyn.
Det som har ført til sviket mot grunnlova, er at norsk rettsvesen har teke i bruk eit nytt rettsprinsipp som er i strid med grunnlova. Det går ut på at lovene ikkje har eit fast innhald, men at tolkinga må tilpassast det som til kvar tid er gjengs oppfatning blant folket. Det har ført til at offentlege skriv blir rettskraftige om ingen seier imot, sjøl om dei åpenlyst er i strid med vedtekne lover. Og dei som tier samtykker. Det vil seia at me som folk er blitt medskuldige i å vanæra og spotta den levande Gud, øydelegga hans forsamlingar, egga Gud til harme og setta folk og land i fare for å bli utsletta. Les 1. Korinterne 10!
Ein halv million sundrivne barnelik kasta som avfall roper om gjengjeld. Ordet om auga for auga og liv for liv står i samanheng med skader under framkalt fødsel.

2. Mos 21:22-25.
Sodomi er og blir ein styggedom som fortener dødsstraff. Romerbrevet 1.
Nådeformidlinga og undervisning og leiing i kristne forsamlingar er ingen menneskerett. Det er Gud som kallar, og han krev lydnad og truskap. 3. Mosebok 10, 4. Mosebok 14-16 og 25. Galaterbrevet 1, Jakobs brev 3:1, 1. Peters brev 1.

Riksrett bør straks reisast mot nåverande og tidlegare regjeringar. Kanskje der ennå er håp om berging for folk og land. 4. Mosebok 25 og Joel kap. 2.