Elden som brann for bygda og Noreg

Av Jørgen Høgetveit, i www.Kommentar-Avisa.no – 17.06.21

Ein kveld gjekk eg opp i andre høgdi og såg etter Olav  Aukrusts "Diktsamling" , 505 s. Der stod ho mellom alle dei andre diktverka på omtrent ein meter i lengd. Ord som har gledd meg og atternya sinn og tankar gjennom mange år - alt frå før studietida - då knastjørre "realitetar" skulle lærast og puggast. No gjekk det nokre timar med diktaren som Arne Garborg omtala som Noregs største diktar - den bygde- og Noregskjære mannen frå Lom i Gudbrandsdalen. Han tenkte "vidt og langt, ikkje kort og trangt" som prof. Borgan sa det i eit heitt ordskifte.

Han er djup når han stig ned i sorg og indre strid som i "Mot dag",  når han til dømes skriv: "Upp du lyfte min kjellarlem - no fløymer det sol over blomster bleike. Takk for di eg kjenner du kjem, takk for at ljos vert kveikte.". Eller i "Morgon": "God natt mi sorg, og enn ein gong: Gud signe deg og takk for denne gongen." Ein underleg tanke, men ikkje ukjend for fleire, bl.a. Sandsdalen, diktaren frå Telemark  som formulera seg slik om moll og sorg: "All sann  glede har moll i seg - anna er berre herk og leven." Ord skapt med bærekraft, rytme og rim so det driv inn i sinnet og ikkje som det dei kallar lyrikk i dag - som meir minner om "kortprosa."

Men når ein slik har vore saman med denne store diktar, språkmann og djupe skapande tenkar, merkar ein at dette er ord som vedkjem oss - då syng  sinnet og tankane med og ein skriv ned etter som orda kjem - mogeleg dei kan minne og gle nokre andre og:


Det var ei gong - då liv og song
imellom Noregs fjell dei ljoma.

Med rytme, rim, ga tanken driv,

so elden djupt mot himmel-

kvelven loga.

 

No sløkt han er - den eld som brann,

frå hjarterot mot himmelland.

Dei diktar bleikt og grått,

no lite gneist frå Noregs land,

og utan Anden, eld som brann,

for heim og bygd og fedreland.

 

 

Det sannings Ord - den sannings tanke, som brann so sterkt i Noregs sinn,
det vermde sjel og hopehavet - no slokna  uti pengekavet  - og svart sig mørket inn    i sjel og sinn.

 

Men enno kjenner vi dei gode tankar -

som fedre ga oss med i hugheil arv .

Det er vår rike arv av skaldetankar som viste vegen for vårt fedreland.

Dei skal me heidra - so dei kan sannast -

meir enn i ord  - og vi vil varmast