Bondetenkjar og byfilosof

 

 

Av Jørgen Høgetveit

 

Av vørnad for han eg no skal fortelja om - vel eg å skrive på hans målføre.

Det gjeld ein bonde- og kristenhøvding noko tidleg på 1880-talet som Oskar Handeland fortel om i "Vårløysing". Mannen heitte Ole Håve og var bonde i Heddal i Telemark. Far hans - som og heitte Ole var "ein av dei beste menn i bygda. Stø, fast og myndig, så dei kalla han mest bare "Mannen" i dagleg tale.

"Rettferdig og fredsæl var han og. Som faren so sonen. Han var ein drivande jord- og skogbrukar og etter kvart ein mann dei bruka til mykje anna i styr og stell i bygda - og medan åra gjekk "laut han og representera bygda utetter. Han var pålitande og meir ekte bondemann i det at han og var byrg av å bera bondenamnet. Bygdemålet nytta han same om han tala med høg eller låg - og Heddalsbunaden bar han heime og borte og kjende seg jamngod med dei fremste, fortel Handeland.

 

Morosamt er det når han  i møte med kong Oskar høvisk og greitt seier til kongen: "Når du seier "du" til meg, så seier eg  "du" til deg. "Og Handeland fortel vidare om då han rødde med professor Monrad og Håve gjorde seg lite dum og spør den lærde professor:

"Kva er det du driv med i Kristiania? "Monrad svara at han var professor i filosofi ved universitetet. "Kva er så filosofi for nok?" "Det er et forsøk på å ettertenke, tenke etter de tanker som Gud har tenkt forut," svara den lærde. Då kjem det med fra trua og bondevitet til Håve: "Nei, er det det," - - "Men hender det då ikkje at du kjem til å tenkja slikt som Gud aldri har tenkt?"

 

Kan hende dei mange høgt utdanna Erasmussar  i Noreg i dag har mykje å lære av dette lekmannsvitet som på mange omkverv var ein stor føregangsmann innan yrket sitt, i tenking, i sann og byggjande kultur og skulereisning m.a. på Notodden.