Ein fin liten blome

 

 

Andakt av Lars-Arne Høgetveit, i www.kommentar-avisa.no23.07.05

 

 

1  Ein fin liten blome i skogen eg ser, i granskogen diger og dryg, - og vent mellom mose og lyng han seg ter. Han står der så liten og blyg.

 

2  Sei, ottast du ikke i skogen stå gøymd Der skuggane tyngja deg må?- Å nei, for av Herren eg aldri vert gløymd, Til ringaste blom vil han sjå.

 

3  Men ynskjer du ikke i prydhagen stå, Der folk kunne skoda på deg?- Å nei, eg trivst best mellom ringe og små, Eg føddest til skogblome, eg.

 

4  Ein dag vil den stormande vinter deg nå, Det vert fulla dødsdagen din.- Då kviler eg livt og har snøkåpa på, Til vårsola kysser mi kinn.

 

5  Eit bod frå min Herre du blome meg ber: Om einsleg eg vert på min veg, Så veit eg at Herren vil vera meg nær, Gud Fader han vardar og meg.

 

6  Om enn eg er liten, har Herren meg kjær, Med honom eg kjennar meg sæl. Kvar morgon meg bøna til himmelen ber, Med bøna eg sovnar kvar  

    kveld.

 

7  Ei klædning eg fekk av min Frelsarmann kjær, I blodet hans reinsa ho er. Ho høver for himlen, der gullgater er, Ho høver for vandringa her.

 

8  Som blomen om vinteren visnar eg av, Men gled meg, for då står eg brud. Lat lekamen kvila med fred i si grav, Mi sjel ho er heime hos Gud!

 

9  Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong I morgonen æveleg klår, Og blanda med heilage englar min song I himlen dit døden ei når!

 

-  Svensk sang  - ( «Det väkste en blomma» er oversatt av Anders Hovden i 1927)

 

Du er også ein slik blome som Jesus tek seg av, Han som tek seg av den eine. Jesus er ikkje ein kollektiv Frelsar men ein personleg Frelsar som fylgjer med i det Hans menneskeborn har føre. Om du og eg ikkje får det til i det daglige, med kristenlivet, så veit me at Herren vil væra oss nær. Om våre mange følelsar ”gjeng over stag” kan me i Han kjenna oss sæle. Den Herren vil sjå til er..., det er den elendige, og den som har en sønderbrutt ånd og er forferdet over mitt ord.” Esaias 66,2

ein dag, om ikkje så lengje, då jubla me kan: ”Ja, glad skal eg vakna hos Jesus eingong I morgonen æveleg klår, Og blanda med heilage englar min song I himlen dit døden ei når!”

I dette er håpet me ber i vårt bryst, at Himlen der kjem eg til sist. Ein stad utan død, utan sorg, utan nød, ein Stad til æveleg tid.

 

På jord me lever i desse orda no: ”I stillhet og tillit skal eders styrke være” Esaias 35,15.