Gjestekommentar, 21.05.07

 

 

 

Tidsånda

 

Av Hallvard Kvæven

 

Kjell M. Sinnes og Gaute Granlund har hatt innlegg i avisen Agder. Grunnen for det er forfallet i kyrkja.

 

Stad og tid for det ”raset” vi opplever nå er Vang kyrkje, Hedmark, sundag 13. mars 1961. Kva hende då? Jau, Ingrid Bjerkås vart vigsla til prest. Den første kvinna som vart prest i Noreg. Seinare har det berre gått ein veg – nedover. Reaksjonane på vigslinga biskop Schjelderup føretok den dagen var sterke.

To tredjepartar av det norske bispekollegiet stilte seg då bak følgjande fråsegn: ”Vi finner det umulig å forene kvinnelig prestetjeneste med Det nye testamentes grunnholdning og med dets direkte utsagn. Det avviser kvinnens adgang til hyrde- og læreembetet og begrunner dette prinsipielt med å henvise både til Guds skaperordning og til Herrens eget bud. Dermed kjenner vi oss bundet av det Guds ord som vi i all vår tjeneste har forpliktet oss på”.

 

Strandebarm-bispen Børre Knudsen seier om den generasjonen som har vore med på å innføre likestillingslova, abortlova og partnerskapslova at det er eit folk under dommen. Vi får nok erfare at han har rett.

Om ikkje lenge får vi truleg ny ekteskapslov. Då er raset nådd endå lengre ned.