Gjestekommentar, 06.01.07

 

Nåden og fortapinga

 

Av Hallvard Kvæven

Det er nokre ord og sakstilhøve som er heilt avgjerande for kva  kristendom er. Måten vi skjønar sentrale bibelske uttrykk på, avgjer kristendomsoppfattinga vår. Til meir sentrale spørsmål det dreier seg om, til viktigare vert det med tanke på trua. To av dei sentrale orda er ”nåde” og ”fortaping”. Dei utgjer grunnleggjande element i eitkvart kristendomssyn. Båe er i åndsklimaet vi lever i utsette for eit sterkt press i retning ”humanisering”. Dei skal gjerast akseptable ut frå mennesket sitt liv og fornuft. Songaren Bjørn Eidsvåg har på nytt vore ute i det ærendet. For sann kristendom er det avgjerande å stå imot dette presset, og fylla omgrepa med Bibelen sitt eige innhald.

I A-magasinet for 13. oktober uttalar den populære songaren at ”kirken bør høyt og offentlig si at helvete ikke finnes”. Det helvete som måtte eksistere, er det som vi kan ”oppleve her og nå”, altså i det personlege livet eller på TV-ruta. Noko helvete etter døden finst ikkje. Diverre er ikkje Eidsvåg den einaste artisten som vedkjenner seg kristen tru, som har ”avskaffa” helvete, opna himmelen for alle menneske og gjort misjon unødvendig. Dei er heller ikkje pionerar på området.

 

Då ”helvetesdebatten” gjekk på 1950-talet, fekk nokre unge, Ap-ordførarar i Hedmark fylkestinget med seg til å støtta Hamarbispen i diskusjonen med Ole Hallesby, med eit vedtak som avskaffa helvete. Ein del år seinare skreiv Odvar Nordli, som var blant desse, litt sjølvironisk at han var komen i stuss om fylkestinget sitt vedtak hadde innverknad ”på sakens realiteter”.

 

Statsminister Nordli var nok inne på noko der.