Gjestekommentar,
Kristelig Folkeparti mot undergangen - med Ingebrigt
Sørfonn i draget
Av Hallvard Kvæven
Mangeårig
formann i Indremisjonsforbundet (tidlegare namn; Det Vestlandske Indremisjonsforbund),
stortingsrepresentant for KrF Ingebrigt Sørfonn, var på KrF sitt landsmøte i Molde i slutten av
april d.å. Der var han mellom anna med på å utnemne
Kjell Magne Bondevik til æresmedlem i partiet. Kva
har så Bondevik gjort som er så ”ærefult”? Jau, han
har til dømes fått innført avkristningsfaget KRL. Han
har fått avsett antiabort-prestar, m.a. Børre Knudsen, han vil ha muslimar
inn i partiet, og seier seg lei for at vedkjenningsparagrafen verkar ekskluderande. Muslimane lærer at Jesus ikkje er
Guds son. Han er ikkje Gud, og slett ikkje Frelsar.
På landsmøtet var Sørfonn også med på å velje Inger Lise Hansen til andre nestleiar.
For ope kamera applauderte han valet
og ga henne ein god klem etter valsigeren.
Kva slag ”kvalitetar” hadde
så Hansen som fekk Sørfonn til å juble? Jau, ho vil ha bort vedkjenningsparagrafen, er
Israel-kritisk og vil dele ut p-piller til unge jenter. P-pillen kan hindre det
befrukta egget å feste seg i livmora. Det er like fullt abort - 23 kromosomar har møtt 23 kromosomar
- det nye livet er eit faktum.
I staden for å kjempe for at den nåverande § 2 i
Grunnlova skal halde fram som verdiforankring for
landet, ville landsmøtet få inn ”kristen-humanistisk”
som ny verdiforankring. Kva er så humanistisk? Jau, det er eit livssyn der
mennesket er alle tings mål. I skarp motsetnad til
det kristne livssynet, der Kristus er sentrum og alle tings mål. I sine
politiske standpunkt er såleis både Bondevik og Hansen venstrevridde.
Ingebrigt Sørfonn har vore med og drege KrF i denne retninga, ei retning så feil
at ein kunne tru det var parolen åt radikalaren Arnulf Øverland som var leidarstjerna
hans: ”Stryk kristen-korset av ditt flagg og heis det
rent og rødt. La ingen by deg det bedrag at Frelseren er født”.
Kva tid kjem nedrivingsturen til
Indremisjonsforbundet?