Gjestekommentar, 27.12.07

 

 

Går Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) mot stupet?

 

Av Hallvard Kvæven

 

NLM er i økonomisk uføre. Inntektene held ikkje tritt med utgiftene. Kvifor minkar gjevargleda? Kjem den økonomiske tørketida som ein konsekvens av den åndelege armoda som ser ut til å breie seg i organisasjonen? Den åndelege armoda fekk sitt lågmål – til nå - då NLM ga høyringsuttalen sin i stat/kyrkje-debatten:

 

I staden for utsegna i § 2 i dagens Grunnlov, som slår fast at den evangelisk-lutherske lære forblir Norges religion, ser hovudstyret i NLM for seg ei ny formulering som viser til dei kristne og humanistiske verdiane som fundamentale for det norske samfunnet.

 

Organisasjonen sitt hovudstyre går her til angrep på Noreg sin kulturarv, § 2 i Grunnlova. Ja, ikkje berre det: Hovudstyret sidestillardei kristne og humanistiske verdiane” – Gud er ikkje lenger sentrum åleine. Kan det bli verre?