Gjestekommentar, 08.03.07

 

 

Eksisterer Helvetet?

 

Av Hallvard Kvæven

 

Svar til Åse M. Dybvikhennar innlegg i Agder 28.03.07, der ho mellom anna skriv: ”I min enfoldighet trodde jeg helvete var en saga blott,----”.

 

I Lukasevangeliet kap. 16 les vi om den rike mannen og den fattige Lasarus: Så hende det at den fattige døydde, og englane bar han til Abrahams fang. Den rike døydde og, og vart gravlagd. Som han slo opp augo i dødsriket der han var i pine, såg han Abraham langt borte og Lasarus innmed barmen hans.

Då ropa han:
”Far Abraham, miskunna deg over meg! Send Lasarus hit så han kan duppa fingertuppen i vatn og svala tunga mi. For eg lid fælt i denne logen.”

Abraham svara:
”Kom i hug, barnet mitt, at du fekk det gode du ville ha medan du levde, og Lasarus like eins det som vondt var. No vert han trøysta her, medan du lid vondt. Og dessutan er det ein avgrunn mellom oss og dykk, ingen kan koma herifrå og over til dykk, om dei så ville, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.”

Då sa den rike:
”Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min. Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei og skal koma til denne pinestaden.”

Men Abraham sa:
Dei har Moses og profetane, dei kan høyradei.” ”Nei, far Abraham,” svara han, ”men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.” Då sa Abraham: ”Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så trur dei heller ikkje om nokon står opp frå dei døde.”

Det er Jesus som fortel dette. Han visste nok kva han tala om. Men Åse M. Dybvik har kanskje ikkje tillit til orda hans?