Gjestekommentar,
Bygde-norge og
rovdyrkampen
Av Hallvard Kvæven
Rovdyrfantastane held til i dei store byane i landet, t.d.
Oslo.
Utafor hovudstaden har vi noko som heiter Oslo-marka.
Oslomarka er større i utstrekning enn kommunane Kristiansand
og Vennesla, Søgne og Songdalen og Mandal og Marnardal til saman.
Kvifor ikkje gjerde inn Oslo-marka, lage over-/undergangar
for vegar og jarnbane og la dei fire store rovdyra ulv, jerv, gaupe og bjørn få
eit sentralt utmarksareal til å boltre seg fritt på? Elg, hjort, rådyr og andre
byttedyr kan så transporterast dit og sleppast.