Av
Innledning av Jørgen Høgetveit, i www.Kommentar-avisa.no
– 25.10.11
Egentlig het artikkelen hans
”Tekstkritikk og dilikt” og det kunne vi også godt
kalt den, men vi regner med at denne overskrifter vil fange interessen bedre.
Innholdet er fremdeles toppaktuelt – ikke minst i forhold til den siste
bibeloversettelsen vi har fått av NT fra MF som gir seg ut for å være mer
”konkordant” – altså mer i samsvar med grunntekstene. Men så langt en har lest,
så sier de ikke rett ut hvilke grunntekster som er brukt – og det er liten
grunn til å tro at de har endret så mye på disse basisspørsmål enn det en kunne
se av debatten omkring Bibelselskapets oversettelse av 1978. Vi mener derfor at
denne artikkelen av A. Berg fremdeles er toppaktuell. Og vi anbefaler våre
lesere å holder seg til Bibelen av 1930 eller 1988. De tre ”gamlekara”
som skapte NB 1988 er nå døde. Det var Berg, Wisløff og Gilbrant
– og få reiser nå kritiske røster og få imøtegår dem. Både fordi ordene som en
går ut i fra, ordene en bruker i oversettelsene og budskapet det formidler, er
uhyre viktig for Guds barn.
Ordet og språket som budskapet formidles gjennom, er altså
av fundamental betydning. Mennesket er skapt av Gud med en fundamental evne til
å utvikle og forstå ord. Og Gud selv har åpenbart seg for mennesket gjennom
Sitt Ord. Ja, den hele Skrift er innblest av
Gud.
Mine får hører min røst, sier Jesus. Og selv om en ikke er
en av de lærde – har Herren i sitt Ord garantert at de som har kommet inn i
barnekåret, skal slippe å komme på avveier. Som sauene skiller en sann og en
ond hyrde fra hverandre på røsten – slik skal også hans barn være reddet fra
forførende røster. Er det noe som er galt, hører de at det skurrer og flykter
som sauen. Hvordan han nøyaktig gjør det – kan vi ikke i detalj si – men vi vet
at ikke endog dåren skal fare vill. Det må ha noe med at den som Herren har
inntatt hjertet til – han opplever det som Wergeland sier: ”Du i ditt hjerte
før i din panne, kjenne det sanne.”
Og en ting til. De spørsmål Berg drøfter under, har
flere av oss blitt oppmerksomme på i internasjonal presse – så det nytter ikke
å underslå det for vår norske befolkning.
Men uansett er det grunnleggende viktig å få Guds inspirerte
Ord på hebraisk og gresk så korrekt formidlet til norsk som mulig. Derfor er
artikkelen under viktig for enhver bibelleser. Og kjenner en seg ikke sikker på
den Bibel en har i hånda – så kan jo mange av oss engelsk – og skaffer en seg
da King James version (1611) i riktig oversettelse,
har en god hjelp – samt de kilder A. Berg nevner i sitt innlegg fra 1987.
A. Berg
skriver:
”Dag Kjosavik`s artikkel den 9.
mars om ”Arthur Bergs tekstkritiske prinsipper” slutter med å segja at dersom vi no fær ei Bibelomsetjing som legg
”en anna gresk tekst til grunn enn den Bibelselskapet har brukt . . . vil
forvirringen blant lekfolket bli enda større enn den allerede er”. Eg skynar resonnementet, men har
han ikkje snudd det på hovudet?
I alle høve var det 78-omsetjingi som for fyrste gong med heller stor
konsekvens la ei anna gresk tekst til enn dei eldre
norske bibelomsetjingar hadde gjort. Det var altså
Bibelselskapet som skapte den forvirring fordi det braut med tidlegare tekstkritiske prinsipp. Det som den alternative
omsetjinga gjer, er ikkje å innføra noko nytt i norsk bibeltradisjon , men å gå attende til ein eldre tradisjon. Men Kjosavik
har rett i at dette er hovudproblemet. Difor er eg takksam for at han
tek det opp.
Dag Kjosavik sjølv meiner likevel at slike spursmål
er lite skikka til å dryftast i dagspressa. (Trass i
det tek han opp to tri ”heilfaglege” tekstkritiske spursmål i artikkelen sin.) Men dei
er meir skikka til å kasta ljos
over tekstkritiske prinsipp generelt, enn til å løysa
flokane som ligg bak ulikskapen mellom 78-omsetjinga
og ”Den nye Bibelen”. Og han spør om eg verkeleg vil be lekfolket støtta det synet på originalteksti som ”nybibelen” byggjer på?
Meiningi med spursmålet
er sjølvsagt den at folk som ikkje kan gresk og
har andre ”ekspertokratiske” føresetnader, ikkje kan støtta eller vraka anten
-78 eller Nybibelen. Han har vel rett i det eit stykke på veg. Men i so fall er stoda
verre og ikkje betre om ein
legg fram ei ny omsetjing som lekfolket heller ikkje kan vurdera fagleg og be og uforvirra tillit
til den, samstundes som ein fråbed
seg eit alternativ. For min del tykkjer
eg dei ”ulærde” er verre
farne dersom dei fær valet mellom eit alternativ
og helst ikkje bør vita noko
særleg om andre alternativ.
Elles trur eg helst ein undervurderer lekfolket og mistolka situasjonen for lesarane. For det som skal verka forvirrande
for dei no, har i so fall
forvirra dei lenge. Det nye er berre
at no fær dei vita meir om bakgrunnen for
det som hender i moderne bilbelomsetjingar. Vi lever ikkje lenger i analfabetismens tidsalder. Tvert om er vi
alle for lærde å kalla. Og dersom vanlege
bibellesarar korkje kan lesa gresk eller engelsk eller andre framande
tungemål, har dei høve til å bøta
på slikt. Vi har både fått det utrulege
hjelpemiddelet som ”Illustrert Bibelleksikon” er, og vi har fått Studiebibelen
som set ikkje-teologar i
stand til å studera gresk grunntekst når dei les ulike omsetjingar av ord
og vers i NT. Difor treng ikkje
lekfolket vera radt so
hjelpelause i vår tid som dei nok var tidlegare. Og difor er det
slett ikkje naudsynt å
hjelpa dei av med forvirringa på den måten at ein freistar lata so mange som råd er av dei, vera uvitande
om vanskane med ei bibelomsetjing
og på den måten koma uforvirra gjennom verdi.
Lat meg ta eit døme som eg visst ikkje har skrive om før,
men som ogso ”blandar inn” noko anne enn rein tekstkritkk. I Rom 10,4 sto det i 78-omsetjingi: ”Kristus
er lovens slutt. . .” Dette vart retta i 1985 so no
står det ”Kristus er lova sitt endemål….” (Bokmål; Kristus er loens ende.) Det
greske ordet her er ”telos” som tyder ende, slutt
eller endemål. Ordet er altso tvetydig. Og det kan omsetjinga få fram ved å skrive ende. Men ettersom det altso er tvetydig og kan hende kunne skapa forvirring, kan ein sjølvsagt frelsa omsetjingi frå det tvetydige og skriva ”slutt”. Det er bra dersom det
er korrekt. Men dersom omsetjingarane gissar i miss, er det ille. Då stengjer
dei vegen til den rette forståingi
av ordet. Dette har altso Bibelselskapets omsetjarar skyna og er gått
attende til ei korrekt tvetydig omsetjing. Det var naudsynt fordi ordet ”slutt” står i konflikt med det Jesus
sa om at han ikkje var komen
for å avlysa lovi, men for
å fullføra henne. Ordet støttar
seg dessutan til den livsfårlege
antinomistiske forkynningi som i vår generasjon har halde på å få herredøme i norsk
forkynning.
Eg meiner at 78-omsetjingi fleire stader har tydeleggjort tvetydige uttrykk i gresk og gjort det på en
måte som ikkje berre dyljer den originale tvetydigskapen,
men som jamvel stundom kjem i skade for å stengja
vegen til den korrekte forståingi av teksti. (Det verste dømet på ei slik omsetjing
er Rom 11,15 der det i den nye omsetjingi står at Gud
har forkasta Israel (som paktsfolk, trass i at Paulus
i det fyrste verset i det same kapitelet segjer at
Gud ikkje har forkasta folket. Her er gresken
tvetydig og kan omsetjast anten
med at folket forkasta Jesus, eller at Gud forkasta folket.) Ei god omsetjing bør vera like tvetydig.
For det tridje skriv Kjosavik at eg freistar
forsvara Textus Receptus
med ”en temmelig selsom argumentasjon” . Det rare skal vera
det at eg har hevda at når Gud har inspirert Bibelens
forfattarar for å føra folket på den eine vegen som
fører til frelse, må han ogso ha sytt for at den
inspirerte teksti aldri gjekk til grunne.
Sjølv tykkjer
eg ikkje den
argumentasjonen er serleg rar. Men Kjosavik tek i miss når han trur det er min argumentasjon.
Det eg skreiv, var at ein
del av dei fyrste som opponerte mot å forkasta Textus Receptus, var ein britisk bibelforskar som heitte J. W. Burgon. Og han
argumenterte slik. Og han sa at dersom dei hadde rett
som no ville innføra ein god del avvik frå Textus Receptus, ville det vera det same som at denne ekte teksti
hadde vore so å segja
ukjent i mesteparten av den kristne verdi. For storparten av dei avskriftene vi har, er i Receptus,
og berre ein ørliten
prosent har den teksti som moderne tekstkritikarar på slutten av 1800-talet mente var den ”einaste forsvarlege”. (Codex Vaticanus og Sinaiticus. Red.
merknad.)
Når eg skreiv at dette var Burgons argumentasjon, kom det ikkje
av at eg ynskte å polimisera mot det, men av at eg ikkje hadde rett til utan vidare å gjera det til mitt. Eg er nemleg ikkje
”fundamentalist”, endå om eg
alltid har hatt vurnad for det synet, fordi eg ikkje kan tenkja
meg at dei som tenkjer
slik, nokon gong kan koma til å svika
skriftprinsippet.
Sjølv hadde eg
og har eg i prinsippet Hallesbys syn på inspirasjonen
og Bibelen. Difor kan eg ikkje alltid bruka fundamentalistanes
språk. Men herma dei kan eg. Og det var det eg gjorde. Lenger gjekk eg ikkje. I studiet lærde eg ogso å stava meg fram til NTs greske tekst og i moderne
tekstkritiske apparat, og ville helst ikkje at folk
skulle tru at eg hadde vanskar
med det heller. Men eg hadde vanskar. Og vanskar vart fleir di meir eg
las. Serleg etter at eg
hadde slumpa bort i Burgon og folk av hans kvalitetar. Dei gjekk til kraftige og velgrunna åtak på dei tekstkritiske leksene som eg
hadde pugga. Verst gjekk det med den leksa som sa at dei
beste avskriftene vi har, er dei to eldste av alle då
kjende avskrifter. Burgon
hadde studert dei avskriftene, serleg
Sinaiticus, og han hadde ført fram vektige argument
mot dei. Han hadde heller ikkje
så mykje til overs for dei
tekstkritiske hovudprinsippi som all min eigen
tekstkritiske ”lærdom” hadde bygd på. Men eg var ikkje i stand til å svara eitt
til tusen på det som Burgon sa.
Difor skreiv eg
ein artikkel eller to der eg
spurde kvifor lærarane mine ikkje hadde fortald meg om desse problemi. Og so bad eg dei gjeva meg hjelp til å halda ope det gamle synet mitt.
Men skulle eg kunna det,
laut dei syna kvar Burgon
tok i miss. Eg fekk aldri noko svar. Eg hadde pirka ved det
tekstkritiske dogmet at ”dei eldste manuskript er dei beste”. For Burgon hadde sagt
at dei tvert om høyrde til dei ringaste på mange måtar. Kan henda det var grunnen til at dei
ikkje vart lesne i filler:
Dei hadde den ortodokse kyrkjeopinionen imot seg, og
vart difor i praksis tekne
ut or tradisjonsstraumen.
Dag Kjosavik har nok ogso kjennskap til at dei høglærde tekstkritiske reglane
som Wetscott og Hjort (skjulte katolikker red. anm.) hadde lært oss, står langt veikare
i vår tid enn dei gjorde i mi studietid. Både
”familie-grupperingane” og sjølve graderingi
vert no sterkt kritisert. Det førar
ikkje utan vidare til at ein godkjenner Textus Receptus, men vel til at
heile resonnementet bak moderne tekstkritikk er i støypeskeii.
Om dette altso ikkje alltid
fører til oppvurdering av Textus Receptus,
kjem i alle tilfelle hovudlærarane våre i
tekstkritikk verre utav det enn den gamale NT-teksti som fedrane våre gjer.
Når Kjosavik elles meiner at Burgon-argumentet om tradisjonen kan samanliknast
med det katolske tradisjonsprinsippet, er det han som blandar
likt og ulikt. For tradisjonsprinsippet i Rom har ført til at synspunkt som
Bibelen ikkje lærer, er vorte dogmefeste. Burgon derimot, tenkte at Gud hadde hatt si hand med i
kampen mot medvitne og umedvitne forfalskingar
av dei bibelske bøkene.